Plassering
Naustdal gjer det mulig å leve eit moderne liv samtidig som ein har nærleiken til fjorden og tallause fjelltoppar. Her legg kommunen til rette for at tilflyttarar skal ha tilgang på gode offentlige servicetilbod, som blant anna to nye barnehagar i sentrum av Naustdal, ny barne- og ungdom skule med prisnominert uteområde og ein topp moderne lokalbutikk ved Sanden. Har ein behov for andre tilbod, ligg Førde by kun ein køyretur på 12 minutt unna og Florø 40 minutt.
Det lokale idrettslaget Tambarskjelvar kan tilby fritidsaktivitetar for alle. Laget har stått på for å få bygd eige treningsrom for styrkeløft og oppgradering av kunstgrasdekket på Naustdal stadion. Saman med kommunen har dei gjennomført eit prosjekt kalla «over stokk og stein» som inneberer ei oversikt over godt merka turløyper rundt i kommunen.
Likar ein å gå på ski, finn ein løyper med ulik lengde og aktivitetar for store og små ved skianlegget i Instedalen. Utanom dette er det fleire fjell som egner seg godt for å ta på seg skia og nyte vinteren i Naustdal.
Avstander
- Buss 150 m
- Legesenter 300 m
- Lunden Barnehage er nabo
- Naustdal idrettsbarnehage 300 m
- Naustdal barne og ungdomskule 400 m
- Idrettsanlegg 300 m
- Badestrand Sanden 850 m
- Butikk og post Extra 800 m
- Instedalen skianlegg 19 km