1C Vindkjegla

1C Vindkjegla

Folkelig leilegheit som passar for dei som vil ha litt storleik og som har behov for 2 soverom.

Leilegheita ligg i første etasje og har ei romslig og open stove/kjøkkenløysing på 34,1 kvm. Kjøkkenet er levert av Aubo og montert i ei praktisk vinkelløysing med integrerte kvitevarar.

Den opne løysinga mellom stove og kjøkken gir rom for å ha ei praktisk sittegruppe som fungera like godt til kvardag som til fest. Det er også store vindaugsflater som slepp inn rikeleg med naturleg lys.

Frå stova har du tilgang til ein flott veranda med gode solforhold og ei bod på 2,3 kvm.

Badet i leilegheita ber preg av kvalitet med lune og varme fliser på gulv. Baderomsinnreiinga er vegghengt og rommet inneheld vegghengt toalett, dusjhjørne og opplegg til vaskemaskin.

  • 75,8 kvm
  • 2
  • 13,8 kvm
  • 2 940 000
Tilbake til bustadveljaren