1E Kletten

1E Kletten

Praktisk leilegheit som ligg i første etasje i austenden av bygget. Frå gangen har du tilgang til soverom, bad og ei bod på 5,3kvm.

Leiligheta har ei romsleg og open stove/kjøkkenløysing på 26,7 kvm. Kjøkkenet blir levert med kvalitetsinnreiing frå Aubo med integrerte kvitevarer. Stove/kjøkken har også heildekkande vindauge som gir ei god romkjensle.

Frå stova er det utgang til den flotte sørvendte verandaen med gode solforhold og utsyn over Naustdal.

Badet i leilegheita ber preg av kvalitet med lune og varme fliser på golv. Baderomsinnreiinga er vegghengt og rommet inneheld vegghengt toalett, dusjhjørne og opplegg til vaskemaskin.

  • 65,3 kvm
  • 1
  • 28,4 kvm
  • 2 990 000
Tilbake til bustadveljaren