1D Kletten

1D Kletten

Praktisk leilegheit som ligg i første etasje i austenden av bygget. Frå gangen har du tilgang til soverom, bad og ei bod på 3,1kvm.

Leiligheta har ei romslig og open stove/kjøkkenløysing på 20,7 kvm. Kjøkkenet blir levert med kvalitetsinnreiing frå Aubo med integrerte kvitevarer. Stove/kjøkken har også heildekkande vindauge som gir ei god romkjensle.

Frå stova er det utgang til den flotte sørvendte verandaen med gode solforhold og utsyn over Naustdal.

Badet i leilegheita ber preg av kvalitet med lune og varme fliser på golv. Baderomsinnreiinga er vegghengt og rommet inneheld vegghengt toalett, dusjhjørne og opplegg til vaskemaskin.

  • 49,8 kvm
  • 1
  • 11,3 kvm
  • 2 350 000
Tilbake til bustadveljaren